Velkommen til Arena Overøye
Ver og føre: Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.
I dag 9. februar 2010 kl 08.20:
Lettskya, opphaldsver, -6 grader, vindstilt, god sikt.
Det har kome 20 cm tørr nysnø etter oppdateringa i går. På garden Overøye er snødjupna no 140 cm.
Gode køyre- og parkeringsforhold.
Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30
Kveldskøyring tirsdag og fredag kl 18.00 - 21.00 Det vert elles halde ope i vinterferien og i påska. Sjå eigen informasjon om dette.
Vermelding frå yr.no
Skiinfo
Sunnmørsposten Skiguiden
Aktivitetsdag laurdag 20. februar
John Kristian Hjelle
- 05.02.2010
Arena Overøye vil arrangere skidag i Stordal laurdag 20. februar, kl. 1130-1630. Det vil bli moglegheit for å prøve og lære om mange ulike vintersports-hjelpemidlar, alt frå sittande alpinski (eigenkjørt eller ledsagarkjørt), ake- og langrennsutstyr.
|
|
|
"Kom deg ut" dagen 7. februar
Kristian Almås
- 04.02.2010
Den Norske Turistforening vil avvikle 80 turarrangement over heile landet komande helg, og eitt av desse blir ved Fokhaugstova i Stordal. Arrangementet startar kl 11.00 og varer til kl 15.00.
Ved Arena Overøye er det full køyr for tida. Sist helg var besøkstalet rundt 700 einskildpersonar både laurdag og søndag. Dagleg leiar Rune Støversten seier seg godt nøgd med drifta så langt. Trass i ein noko sein start på sesongen følgjer driftsinntektene budsjettoppsettet.
Den store parkeringsplassen i Overøye tar fleire hundre bilar. Førstkomande helg vil det vere parkeringsvakter på plass, og alle som vil nytte alpinanlegget eller som skal ut på tur, vil få parkeringsplass. Store og små er velkomne!
Bildetekst: Endestasjonen for Poma-trekket. Området ved Fokhaugstova er synleg om lag midt på bildet. Foto: Kristian Almås
|
|
|
Vinter i Stordal
Kristian Almås
- 28.01.2010
Etter regn og kramsnø har det siste natta kome 40 cm lett nysnø i Øvre Stordal. Ei ny helg nærmar seg, og dette ser ut for å bli den første snørike helga ved Arena Overøye denne sesongen. Trakkemannskapa vil sikkert vere på plass og sørgje for gode løyper både i alpinbakkane og i turområdet. Velkommen til nye skiopplevingar i Stordal.
Bildetekst: Skiløype ved Kambemyrane med Auskjeret og Stolen i bakgrunn Foto: Kristian Almås
|
|
|
Redningsøving ved Arena Overøye
Kristian Almås
- 23.01.2010
Ei redningsøving vart i dag gjennomførd ved Arena Overøye. Eit helikopter med mannskap var der for å øve saman med Stordal Skipatrulje. Vi viser elles til det som er skrive om den nystarta skipatruljen her på nettsida 10. januar. Det som skjedde no i dag, var altså berre ei øving, men det er bra å vite at hjelpa er nær, om ulykka skulle vere ute.
Bildetekst: Redningshelikopter ved Øranakken. Foto: Thomas Henden
|
|
|
|
|