Den store ski, skred og snødagen!
Skrive av:
John Kristian Hjelle Innlagt den 05.02.2010
Måndag 22. februar er det klart for den store ski, skred og snødagen for deg mellom 12 og 17 år.
Du får køyre off-piste med skiteknikk og skredvurdering, eller gå topptur. Det vert øving i kameratredning ved skredulykker, gjenkjenne skredterreng og gjere enkelthengvurdering - køyre eller ikkje køyre.
Det vert til stade ressurspersonar innan skikøyring, off-piste, toppturar, vintermoro og snøskred frå Aalesunds skiklubb, ÅST ungdom og Spjelkavika Røde kors hjelpekors. Arrangør er Friluftsrådet for Ålesund og omland.
Dato: Måndag 22. februar
Tidspunkt: Kl. 11.00 - 16.00 Pris: GRATIS
Påmelding! --> Les meir her
|