Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Godveret held seg

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 26.03.2009

Også i dag vart det ein fin dag med sol og snø ved Arena Overøye. Elevar frå mange skular fekk ei verkeleg fin vinteroppleving no i slutten av mars når mange snakkar om vårteikn både her og der. Forholda for alpinsport i dei velpreparerte bakkane kan ein neppe tenkje seg betre.

I dag registrerte billettsystemet rundt 400 einskildpersonar i trekka. Dette er kanskje berre halvparten av alle dei som kom til Arena Overøye og turområdet. Slike dagar og elles i sesongen også krevst det eit stort mannskap av funksjonærar for å passe på at alt går som det skal. Det aller meste av dette blir gjort på dugnad. I dag kunne vi telje opp ein dugnadsgjeng på 8 personar. I kiosken i Varmestova fann vi Lise Busengdal og Elin Amdam. I billettbua og som vakter ved trekka arbeidde Ingvild Mistereggen, Bjørg Jacobsen, Hilde Skrede Vad, Jens Overå og Karl Petter Øie. I skiutleiga fann vi Eilif Falch. Dette er ein nokså tilfeldig valt dag i ein lang sesong. Andre dagar er det kanskje heilt andre personar som stiller opp. Preparering av nedfarter, løypekøyring og nødvendig vedlikehaldsarbeid blir gjerne gjort i seine kvelds- eller nattetimar. Denne storslåtte innsatsen av frivillige er med på å gi skuleelevar og andre tilreisande minnerike skiopplevingar. Det er også sterkt medverkande til å gi Arena Overøye eit godt driftsresultat. Driftsresultatet så langt ligg godt over det budsjetterte på dette tidspunktet. I fjor stengde Arena Overøye først 27. april. Det er god von om at snøen skal halde seg til over påske i år også.

Ta gjerne ein tur til Arena Overøye, og hugs - no framover er den finaste tida for skiturar i Stordalsfjella!

Eilif Falch i Skiutleiga

                        Admin                                                                                                 Arena Overøye (C) 2009
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
J. Valde
Hevad AS