Sol over Arena Overøye og Stordalsfjella
Skrive av:
Kristian Almås Innlagt den 28.02.2010
I dag blir det solskin frå klar himmel. No ved overgangen til mars månad står sola høgt på himmelen midt på dagen. Lys og soloppvarming gir trivsel. Slalåmbakkane lokkar med fart og spenning. Turområdet med om lag 30 km oppkøyrde løyper ligg der og kan nyttast av dei som likar turski best. Ikkje nok med det - snøforholda er no slik at ein somme stader kan gå på ski også utanom turløypene. Dette kan gi eventyrlege naturopplevingar. Frå Overøye kunne ein i går for eksempel sjå skispor mot toppen av Stolen.
I går var det rundt rekna 300 bilar på parkeringsplassen. Ved god plassutnytting er der plass til minst 100 bilar til. Avstanden frå Moa i Ålesund til Overøye er 62 km og med dei gode køyreforholda som er no, tar denne køyreturen om lag 62 min.
Bildetekst: Kleivavatnet med Stolen i bakgrunn. Bildet vart tatt i går 27. februar Foto: Kristian Almås
|