Stor aktivitet ved Arena Overøye i dag
Skrive av:
Kristian Almås Innlagt den 09.01.2010
Bortimot 300 personar besøkte skisenteret i dag for å prøve SuperG-løypa og dei andre nedfartene. Vi har hatt ein skikkeleg vinterdag med godt føre og rundt 15 minusgrader. Dessverre har kulden ført til at beltetrekket ikkje kunne køyrast i dag, og det er også usikkert om det kan gå i morgon. T-trekket hadde kapasitet til å ta unna alle som ville til toppen. På grunn av kulden og visse vanskar med trekktraseen blir ikkje Poma-trekket oppstarta denne helga.
Ute i terrenget elles kunne ein sjå mange som hadde funne fram turskiene og dei beste vinterkleda for å få ei oppleving av ekte norsk vinter.
Bildetekst: T-trekket i full drift Foto: Kristian Almås
|