Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Stor utfart til Stordalsfjella

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 20.02.2011

Strålande ver og fantastiske snøforhold førte til rekordutfart så langt denne sesongen. Arena Overøye melder om 500 einskildpersonar i trekka laurdag og 700 på søndag. I turløypene var det svært mykje folk å sjå, slik at desse tala må minst doblast for å få eit nokolunde inntrykk av den totale utfarten. Parkering og trafikkavvikling gjekk heilt greitt utan vanskar av noko slag. Ved Arena Overøye vart det arrangert skirenn med KM i Super-G og Sparebanken Møre Cup i Super-kombi under særs gode forhold. Resultatlister for desse renna vil vere å finne på nettsida for Stordal Alpin. http://www.stordalil.no/index.php/stordal_idrottslag/alpin/startside
Bilde: Auskjeret 1340 m.o.h.
Foto: Kristian Almås

Før helga var Auskjeret dekt med urørt puddersnø, men dei to siste dagande har spreke laussnøkøyrarar vore på toppturar der og sett sine spor nedetter fjellsida. Snøforholda er slik at det let seg gjere å gå til toppar der det vanlegvis ikkje kjem folk før seinare på vinteren. Såleis kunne ein i dag sjå at det hadde vore mange på toppturar til Stolen, Dyrdalstinden, og det var også skispor i retning Kvasstinden eller Storbua.

Stordal Fjellservice har no også køyrt til For Fattig og Rik. Dette er ikkje innteikna på det vanlege løypekartet på nettsida, men den totale lengda for løypenettet er dermed rundt 30 km.

Alle stader er løypene i framifrå god stand. Den nye turløypa mellom Overøye og Puskebrua har særleg høg standard. Løypa tilfredsstiller krava til universell utforming, der er ekstra breidde, og løypa kan utan problem brukast av unge og eldre, langrennsløparar i konkurranseklasser eller av folk med lite trening i skigåing. Nett no er denne løypa så fast at ein også kan gå der utan ski på føtene. Her kan ein altså for tida gå ein luftetur med hunden om ein ønskjer det.

                        Admin                                                             Arena Overøye (C) 2009-2011        6250 Stordal       post@stordalalpinsenter.no       Tlf.: 90 70 09 03
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
Rask Bygg
Hevad AS