Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Utfarten til Arena Overøye så langt i påska 2010

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 03.04.2010

Skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan viser billetteringssystemet ved skisenteret persontala ca 1100, ca 1200 og ca 1000. Alle dagane har parkeringsplassen vore full, og det har stått parkerte bilar langs fylkesvegen. I tillegg til dette har det stått parkerte bilar på ei lang rekke private parkeringsplassar. Det ville ikkje vere vanskeleg å telje opp 300 bilar også på desse plassane, slik at det totale biltalet ville bli rundt 800. Når ein tenkjer på at bilbrukarane stort sett er familiar, kan ein i området lett rekne eit besøkstal på 2000 personar alle desse dagane.

Stordal har lange tradisjonar som utfartsstad i påska. Mange av hyttene i området er familiehytter som har vore der i fleire generasjonar. Det er tydeleg at desse familiane har valt Stordal som sin favorittutfartsstad. I dette talet på 2000 personar vil ein kunne rekne inn både dei som bruker hyttene i påskeferien og dei som er dagsturistar. Kvar kjem alle desse menneska frå? Stort sett kjem dei frå Ålesund og kommunane rundt bykommunen. Køyretida frå Ålesund til Arena Overøye er ca ein time. Også frå Giske kommune køyrer no alle utan bom eller ferje på litt over ein time.

Det er for tida stor byggeaktivitet i Øvre Stordal, men mykje av aktiviteten dreiar seg om at eldre familiehytter blir renoverte og får standardheving, slik at dei kan brukast på heilårsbasis.

Denne utviklinga skaut fart i og med den store utbygginga ved Arena Overøye i 2005/06. Då kom 2-3 nye skitrekk på plass, varmestova vart utvida, ein mykje større parkeringsplass vart opparbeidd og fleire andre utbetringar vart gjennomførte.

Bildetekst: Hytter i Overøye
Foto: Kristian Almås

                        Admin                                                                                                 Arena Overøye (C) 2009
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
J. Valde
Hevad AS