Det skjer i Arena Overøye
Velkommen til Arena Overøye
Arena Overøye blir no stengd for sesongen.
Ver og føre:
Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.
Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30
Vermelding frå yr.no
Skiinfo
Sunnmørsposten Lokalguiden
|
|
Skuleskidag onsdag 17. mars
Kristian Almås
- 14.03.2010
Det er tre skular frå ulike kommunar som har meldt frå om at dei ønskjer å kome til Arena Overøye onsdag i veke11. Stordal skule med bortimot 100 elevar vil avvikle sin skidag i anlegget då. Dei skal ha ein turdag seinare i vår. Frå Liabygda kjem det om lag 30 elevar, og frå Volsdalen skole kjem det rundt 300 elevar. Desse to skulane vil kanskje dele seg i grupper slik at nokre går på tur, medan andre blir i alpinanlegget. Elles vil Arena Overøye som vanleg ved slike høve vere open for andre interesserte.
Bildetekst: Oppover i T-trekket Foto: Kristian Almås
|
|
|
Skiekskursjonen ved Arena Overøye
Kristian Almås
- 12.03.2010
Trass i heller dårleg ver vart skiekskursjonen i går gjennomført på ein god måte. Les reportasjen som Hallgeir Hove har skrive om dette på heimesida til Stordal kommune.
Stordal kommune
Bildetekst: Skileik ved Kirkebø stadion Foto: Hallgeir Hove
|
|
|
Skuleskidag torsdag 11. mars
Kristian Almås
- 05.03.2010
Torsdag 11. mars kjem det elevar frå to skular i Ålesund kommune. Det er Spjelkavik videregående skole og Ellingsøy barne- og ungdomsskole. Den årlege skiekskursjonen som Spjelkavik ungdomsskole arrangerer i samarbeid med lokale krefter i Stordal, vil gå av stabelen tirsdag, onsdag og med avslutning i Overøye torsdag. Arrangementet har rundt 20 år lang tradisjon med stort opplegg for elevane i Stordalshallen og andre stader. Som vanleg er det også mange deltakarar frå utanlandske skular. I år kjem det mange frå Nederland og Irland, men også frå andre land. Vi reknar med at det totalt vil vere rundt 500 elevar i alpinanlegget og området rundt denne dagen. Elles vil Arena Overøye vere open for andre interesserte i tida frå kl 10.00 til kl 14.00. Gjett om det blir folksamt! Du kan lese meir om skiekskursjonen på nettsida til Stordal kommune.
Stordal kommune
Bildetekst: Klatreveggen i Stordalshallen Foto: Hallgeir Hove
|
|
|
Høgsesong for skuleskidagar
Kristian Almås
- 05.03.2010
I veke 10 vil mange hundre elevar frå skular i Ålesundområdet besøke Arena Overøye. Onsdag 10. mars kjem Ålesund videregående skole. Dei vil nytte skianlegget og dei tilboda som finst der. Trekka er også opne for andre frå kl 10.00 til kl 14.00.
Bildetekst: Ved varmestova i Overøye Foto: Kristian Almås
|
|
|
Skuleskidag torsdag 4. mars
Kristian Almås
- 02.03.2010
I dag hadde Kolvikbakken ungdomsskole skidag i Overøye, og ca 400 elevar var med. Torsdag 4. mars kjem Lerstad skole og skal avvikle sin skuleskidag. Då vil skianlegget også vere ope for andre i tida frå kl 10.00 til kl 14.00.
Bildetekst: Beltetrekket i Overøye Foto: Kristian Almås
|
|
|
Sol over Arena Overøye og Stordalsfjella
Kristian Almås
- 28.02.2010
I dag blir det solskin frå klar himmel. No ved overgangen til mars månad står sola høgt på himmelen midt på dagen. Lys og soloppvarming gir trivsel. Slalåmbakkane lokkar med fart og spenning. Turområdet med om lag 30 km oppkøyrde løyper ligg der og kan nyttast av dei som likar turski best. Ikkje nok med det - snøforholda er no slik at ein somme stader kan gå på ski også utanom turløypene. Dette kan gi eventyrlege naturopplevingar. Frå Overøye kunne ein i går for eksempel sjå skispor mot toppen av Stolen.
I går var det rundt rekna 300 bilar på parkeringsplassen. Ved god plassutnytting er der plass til minst 100 bilar til. Avstanden frå Moa i Ålesund til Overøye er 62 km og med dei gode køyreforholda som er no, tar denne køyreturen om lag 62 min.
Bildetekst: Kleivavatnet med Stolen i bakgrunn. Bildet vart tatt i går 27. februar Foto: Kristian Almås
|
|
|
Vinterferie med vinterver
Kristian Almås
- 26.02.2010
Stabilt ver og gode snøforhold har prega vinterferien så langt. Til tider har det vore kaldt, men i dag steig temperaturen til bortimot 0 grader. Til helga er det meldt oppklarning, og det betyr solskin, men kanskje på nytt litt kaldare. Vi reknar med å ha hatt eit gjennomsnitt på 400 gjester pr dag frå og med måndag til og med fredag i denne veka. Det har vore stor aktivitet i alpinløypene, og i varmestova går salet av pølser og anna unna.
Bildetekst: Jorunn Langhaug og Isak Kvamme kjøper pølser av Grethe Nakken og Elisabeth Nyli Innselset i kiosken. Foto: Kristian Almås
|
|
|
Løypekøyring i Stordalsfjella
Kristian Almås
- 22.02.2010
Med utgangspunkt på parkeringsplassen i Overøye kan du no finne eit løypenett med rundt rekna 30 km oppkøyrde turløyper. Brukarane set stor pris på dette, og det manglar ikkje på lovord om dei godt preparerte langrennsspora. NB. Det er gratis parkering på parkeringsplassen måndag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag i vinterferieveka.
Bildetekst: Magne Staurset i løypemaskinen ved Fokhaugstova Foto: Kristian Almås
|
|
|
|
|
|