Velkommen til Arena Overøye
Ver og føre:
Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.
I dag 6. februar 2012 kl 08.20: Skya, opphaldsver, vindstilt, 1 grad.
Det har kome 2 cm snø siste døgn.
På garden Overøye er snødjupna no 120 cm. Det er svært gode forhold i alpinbakkane.
Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30 Kveldskøyring tirsdag og fredag frå kl 18.00 til kl 21.00
Vermelding frå yr.no
Skiinfo
Sunnmørsposten Lokalguiden
Stordal Fjellservice Løypeleggingsmaskinen
|
|
|
Store snømengder
Kristian Almås
- 29.03.2011
Øvre Stordal er kjend for store snømengder. Dei siste 7 døgna har det no kome 123 cm snø, og snødjupna nærmar seg 2 m. Mange synest dette er mykje, men det er langt frå rekord. Ved å bla litt i notata for tidlegare snømålingar finn vi mellom anna at det i år 2000 var rundt 2,5 m. Det er ofte i mars månad at desse store snømengdene kjem, og særleg når vindretninga står på nordvest. Den 16. mars år 2000 vart det målt 2,5 m, så minka det litt, men den 24. mars var snødjupna på nytt 2,5 m.
Bilde: Hytte med snø på taket Foto: Kristian Almås
|
|
|
Vellykka skidag
Kristian Almås
- 15.03.2011
Det vart ein fin dag med sol og god temperatur i Stordalsfjella. Spjelkavik barneskole og ein del elevar frå Borgund videregående skole har skidag ved Arena Overøye og i turområdet. Teljeapparatet ved skisenteret viser bortimot 400 personar i trekka, og mange er på bortovertur i turløypene. På parkeringsplassen kan vi telje opp 10 bussar, og i tillegg til dette har mange foreldre og andre køyrt til Overøye, og alle har altså ein strålande dag med sol og snø. Vi reknar med at den totale utfarten i dag ligg på rundt 700 personar.
Bilde: Monica Olsen og Jan Petter Larsen er to av foreldra som har køyrt til Overøye i dag. Foto: Kristian Almås
|
|
|
Skuleskidagar
Kristian Almås
- 13.03.2011
Sesongen for skuleskidagar er i gang. For veke 11 har Arena Overøye tatt imot bestillingar frå fleire skular. Vi held ope tirsdag 15. mars, onsdag 16. mars og torsdag 17. mars, alle dagar mellom kl 10.00 og ca kl 14.00. Skianlegget er ope for alle desse dagane, og utsiktene for ver og føre er gode.
Velkommen til læring og leik i sol og snø ved Arena Overøye!
Bilde: Arena Overøye 2011 Foto: Kristian Almås
|
|
|
Ny helg med puddersnø i Stordalsfjella
Kristian Almås
- 11.03.2011
Dei tre siste døgna har det kome 23 cm tørr nysnø i området i og rundt Arena Overøye.
Snørapport er å finne på Skiinfo.
Det er gode vermeldingar framover dei første dagane, slik at ei ny helg med fantastiske forhold i og utanfor løypene er i vente. Det lir no på året, og når sola får sleppe til, merkast solvarmen godt.
Bilde: Utsikt frå Auskjeret 1340 m.o.h. Foto: Runar Helland
|
|
|
Buss frå Ålesund til Arena Overøye i vinterferien
John Kristian Hjelle
- 25.02.2011
I vinterferien vert det sett opp buss frå Ålesund til Overøye kvar dag.
Bussen gjeng frå Ålesund Bussterminal klokka 09.00 og frå Moa bussterminal ca kl. 09.20.
Retur frå Arena Overøye ca. kl. 16.30. Gjeld frå laurdag 26. februar t.o.m. søndag 6. mars. Pris kr. 100,- tur/retur (rett pris!).
|
|
|
UNG - Off-piste og skred
John Kristian Hjelle
- 25.02.2011
Måndag 28. februar arrangerer Friluftsrådet for Ålesund og omland prøve på UNG - 2011 ved Arena Overøye.
|
|
|
Stor utfart til Stordalsfjella
Kristian Almås
- 20.02.2011
Strålande ver og fantastiske snøforhold førte til rekordutfart så langt denne sesongen. Arena Overøye melder om 500 einskildpersonar i trekka laurdag og 700 på søndag. I turløypene var det svært mykje folk å sjå, slik at desse tala må minst doblast for å få eit nokolunde inntrykk av den totale utfarten. Parkering og trafikkavvikling gjekk heilt greitt utan vanskar av noko slag. Ved Arena Overøye vart det arrangert skirenn med KM i Super-G og Sparebanken Møre Cup i Super-kombi under særs gode forhold. Resultatlister for desse renna vil vere å finne på nettsida for Stordal Alpin. http://www.stordalil.no/index.php/stordal_idrottslag/alpin/startside
Bilde: Auskjeret 1340 m.o.h. Foto: Kristian Almås
|
|
|
|
|
|