Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Det skjer i Arena Overøye

Velkommen til Arena Overøye

Arena Overøye blir no stengd for sesongen.

Ver og føre:

Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.

Generelle opningstider:

Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30

Vermelding frå yr.no

Skiinfo

Sunnmørsposten Lokalguiden


Vinterferie med vinterver
Kristian Almås  - 26.02.2010

Stabilt ver og gode snøforhold har prega vinterferien så langt. Til tider har det vore kaldt, men i dag steig temperaturen til bortimot 0 grader. Til helga er det meldt oppklarning, og det betyr solskin, men kanskje på nytt litt kaldare. Vi reknar med å ha hatt eit gjennomsnitt på 400 gjester pr dag frå og med måndag til og med fredag i denne veka. Det har vore stor aktivitet i alpinløypene, og i varmestova går salet av pølser og anna unna.

Bildetekst: Jorunn Langhaug og Isak Kvamme kjøper pølser av Grethe Nakken og Elisabeth Nyli Innselset i kiosken.
Foto: Kristian Almås


Løypekøyring i Stordalsfjella
Kristian Almås  - 22.02.2010

Med utgangspunkt på parkeringsplassen i Overøye kan du no finne eit løypenett med rundt rekna 30 km oppkøyrde turløyper. Brukarane set stor pris på dette, og det manglar ikkje på lovord om dei godt preparerte langrennsspora.
NB. Det er gratis parkering på parkeringsplassen måndag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag i vinterferieveka.

Bildetekst: Magne Staurset i løypemaskinen ved Fokhaugstova
Foto: Kristian Almås


Krinsmeisterskap
Kristian Almås  - 21.02.2010

Skirennet i Overøye i dag vart avvikla under svært gode forhold. Sjå omtale av rennet under:

Stordal Alpin

Resultat frå rennet finn du under:

Resultatlister

Bildetekst: Krinsmeistrar SSL ved Arena Overøye 21. februar 2010
Foto: Hallgeir Hove


Skirenn ved Arena Overøye laurdag 20. og søndag 21. februar
Kristian Almås  - 17.02.2010

Stordal Alpin arrangerer skirenn førstkomande helg. Laurdag blir det kvalifiseringsrenn til landsfinale og hovudlandsrenn. Søndag blir det krinsmeisterskap i storslalåm. Begge renna startar kl 11.00.
Stordal Alpin
Bildetekst: Unge alpinistar frå Stordal
Foto: Hallgeir Hove


Skuleskidag torsdag 18. februar
Kristian Almås  - 17.02.2010

I morgon skal Skodje barneskule ha skidag ved Arena Overøye. Anlegget blir då også ope for andre frå ca kl 10.00 til kl 14.00.
Bildetekst: Skuleskidag ved Arena Overøye
Foto: Kristian Almås


Vinterferie 2010
Kristian Almås  - 17.02.2010

I vinterferien held Arena Overøye ope kvar dag mellom kl 10.30 og kl 16.30. Skianlegget er altså ope dagleg frå og med laurdag 20. februar til og med søndag 28. februar. Det blir også kveldskøyring som vanleg i vinterferieveka.
Stordal Skipatrulje vil ha vakt heile vinterferien.
Vi minner om at forholda no ligg svært godt til rette for skiaktivitetar på mange nivå frå avansert laussnøkøyring til skileik for små barn.
Bildetekst: Skileik i Overøye
Foto: Kristian Almås


Ingvill og Ingvild
Kristian Almås  - 15.02.2010

Siste helg var det fleire hundre gjester både laurdag og søndag ved alpinsenteret i Overøye. For å halde alle hjula i gang, må funksjonærar vere på plass både her og der. Ingvill og Ingvild hadde søndag fullt arbeid i billettbua. Alle trekka var i drift. Beltetrekket eller skibandet som det blir kalla, er svært populært blant dei yngste. Dette er eit gratis tilbod for barn og andre som er i opplæringsfasen før dei tar fatt på dei store skitrekka.

Bildetekst: Ingvill Flo og Ingvild Mistereggen ved den nyinnkjøpte snøscooteren
Foto: Kristian Almås


Gode prestasjonar av unge alpinistar frå Stordal
Kristian Almås  - 11.02.2010

Det er venta stor aktivitet i Overøye til helga. Snøforholda er no på sitt aller beste, og preparering av løyper og trasear går sin gang. Med dei store mengdene av nysnø i området må vi fråråde laussnøkøyrarar å sette utfor i bratte heng, men heller halde seg i nærleiken av SuperG-traseen og dei andre opptrakka løypene.

Bildetekst: Kristiane Nakken i slalåmløypa
Foto: Hallgeir Hove


                        Admin                                                                                                 Arena Overøye (C) 2009
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
J. Valde
Hevad AS