Pudderalarm
Kristian Almås
- 11.02.2011
Den siste tida har det kome store mengder med tørr nysnø. Pudderalarmen på nettsida til Arena Overøye har blinka i fleire dagar. Det nærmar seg helg med flotte vermeldingar og gnistrande føre i godt preparerte alpinløyper og turløyper. Særleg i området ved Nakkeløypa ligg pudderet urørt, og dei som driv denne sporten, kan rekne med full klaff både med ver og føre denne helga. Velkommen til skiopplevingar og skiglede!
Nye bilde frå Arena Overøye
Bilde: Magnus Selboskar med trakkemaskinen i Nakkeløypa.
Foto: Kristian Almås