Velkommen til Arena Overøye
Ver og føre:
Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.
I dag 6. februar 2012 kl 08.20: Skya, opphaldsver, vindstilt, 1 grad.
Det har kome 2 cm snø siste døgn.
På garden Overøye er snødjupna no 120 cm. Det er svært gode forhold i alpinbakkane.
Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30 Kveldskøyring tirsdag og fredag frå kl 18.00 til kl 21.00
Vermelding frå yr.no
Skiinfo
Sunnmørsposten Lokalguiden
Stordal Fjellservice Løypeleggingsmaskinen
|
|
|
Svært gode snøforhold i Stordalsfjella
Kristian Almås
- 26.01.2011
Det var kveldskøyring med stor aktivitet i alpinløypene i går kveld. Snøforholda kan neppe bli betre enn dei er no, og mange vil sikkert bruke alpinanlegget og turområdet komande helg.
Rassikringsarbeidet i fjellsida nedanfor Øranakken tar i første rekke sikte på å sikre Overøye Fjellgrend som no er under utbygging. Når rassikringa er ferdig, vil området nedanfor rassperrene også bli tryggare for laussnøkøyring.
Bilde: Rassikring i fjellsida ved Øranakken Foto: Kristian Almås
|
|
|
Turløypene
Kristian Almås
- 26.01.2011
Stordal Fjellservice har no eit løypenett på 25 km oppkøyrde løyper i Stordalsfjella. Ved hjelp av nettstaden http://skisporet.no/moreogromsdal/stordal kan ein finne god informasjon om dette løypenettet. Her kan ein velje mellom 5 ulike ruter og få opplysningar på kart om kvar ruta går, prepareringsstatus, lengde og grafisk framstilling av høgdevariasjon.
Bilde: Ved skiløypa i Overøye Foto: Kristian Almås
|
|
|
Brøytt veg til Puskebrua og ny parkeringsplass
Kristian Almås
- 26.01.2011
Dette er første vinteren vegen frå Overøye til Puskebrua blir brøytt. Det siste stykket av vegen før brua er utvida i breidda slik at denne utvidinga tener som parkeringsplass. Ved god utnytting av denne plassen vil behovet for parkering vere dekt i vanlege utfartshelger. Det står att å sjå om dette er nok i påska og andre store utfartshelger.
Bilde: Parkeringsplassen ved Puskebrua Foto: Kristian Almås
|
|
|
Vinteraktivitetsdagar i Arena Overøye laurdag 5 februar 2011
John Kristian Hjelle
- 25.01.2011
Arena Overøye inviterer til aktivitetsdag i samarbeid med Bardum AS.
Dagen følgjer samme opplegg som tidlegare, dvs. at vi ønsker ei påmelding på førehand om du er interessert i å nytte deg av tilbodet. Vi ønsker beskjed om spesielle behov.
|
|
|
Stordalsrenna 19. og 20. feb. 2011
Kristian Almås
- 25.01.2011
Det blir skirenn i Stordal 19. og 20. februar. Terminliste for Møre og Romsdal Skikrets finn du ved å trykke på linken:
Terminliste
Bilde: Kristiane Nakken i slalåmløypa Foto: Hallgeir Hove
|
|
|
Fantastisk helg for skientusiastar
Kristian Almås
- 09.01.2011
Med temperatur rundt 0 grader, lettskya pent ver og tørr og lett nysnø kan ein knapt tenke seg betre forhold for skiaktivitet i Øvre Stordal. Leiinga for skisenteret er godt fornøgd med besøkstal og driftsinntekter så langt. Laurdag viste billettsystemet rundt 500 einskildpersonar og søndag bortimot 500.
Søndag var første dag med trening for den nye sitski-gruppa. Dei uttaler seg også svært positivt om forholda denne helga. Det var fem deltakarar som var med på treninga søndag, men dei ventar at fleire vil kome til etter kvart som dette blir meir kjent. Ute i skiløypene var det berre lovord å høyre om godt preparerte løyper i turområdet.
Bilde: Albert E. Gjørtz og Fredrik Solvik med sitski.
Foto. Kristian Almås
|
|
|
Full drift ved Arena Overøye
Kristian Almås
- 07.01.2011
Til komande helg er alt klart for full drift ved skianlegget. Fire forskjellige rails og ein Big Jump er klare til bruk. Nakkeløypa er preparert, og Poma-trekket blir starta opp. Skibandet har alt vore i bruk og er i orden. Arena Overøye køyrer altså med full kapasitet på alt utstyr, og alt ligg til rette for ei helg med skiaktivitetar av alle slag. Det har kome mykje snø den siste tida, og forholda i løypene er på topp. Status for preparering av turløypene kan sjekkast ved å følgje linken til Stordal Fjellservice.
Vel møtt til skiopplevingar i Overøye og Langsæterområdet!
Bilde: Skiaktivitetar ved Arena Overøye Foto: Bjørnar Midtbust
|
|
|
Stordal Fjellservice har fått ny løypeleggingsmaskin
Kristian Almås
- 17.12.2010
Den nye løypeleggingsmaskinen kom i går og vart prøvekøyrd på den nye skiløypetraseen frå Overøye til Puskebrua. Prøvekøyringa gjekk greitt, og skiløypa på denne strekninga er no klar til bruk. Dette er ein moderne maskin av merket Pisten Bully 100 med mellom anna GPS-utstyr. Når løypelegginga er i gang, kan ein over Internett på kart til ei kvar tid sjå kvar maskinen er. Der vil ein også kunne sjå kva strekningar i løypenettet som er preparerte, og når dette sist vart gjort. For Stordal Fjellservice er ikkje dette systemet fullt ut installert enno, men det vil kome med det første.
Stordal Fjellservice Løypeleggingsmaskinen
Bildetekst: Den nye løypeleggingsmaskinen til Stordal Fjellservice Foto: Kristian Almås
|
|
|
|
|
|