Det skjer i Arena Overøye
Velkommen til Arena Overøye
Arena Overøye blir no stengd for sesongen.
Ver og føre:
Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.
Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30
Vermelding frå yr.no
Skiinfo
Sunnmørsposten Lokalguiden
|
|
Mange har besøkt Arena Overøye denne helga
Kristian Almås
- 10.01.2010
Arena Overøye kan også søndag melde at anlegget har vore godt besøkt. Godt over 300 personar har vore i alpinbakkane i dag. Det er første helga vi held ope denne sesongen, og vi reknar dette som ein svært god start. Mange kjem hit på dagstur, men mange er det også som greier å få hyttene sine så varme at dei kan vere der over helga.
Ute i turløypene var det mange som mosjonerte, og her var også aktive grupper av langrennsløparar i trening under gode forhold.
Bildetekst: Nederlendarar i sporet Foto: Kristian Almås
|
|
|
Stor aktivitet ved Arena Overøye i dag
Kristian Almås
- 09.01.2010
Bortimot 300 personar besøkte skisenteret i dag for å prøve SuperG-løypa og dei andre nedfartene. Vi har hatt ein skikkeleg vinterdag med godt føre og rundt 15 minusgrader. Dessverre har kulden ført til at beltetrekket ikkje kunne køyrast i dag, og det er også usikkert om det kan gå i morgon. T-trekket hadde kapasitet til å ta unna alle som ville til toppen. På grunn av kulden og visse vanskar med trekktraseen blir ikkje Poma-trekket oppstarta denne helga.
Ute i terrenget elles kunne ein sjå mange som hadde funne fram turskiene og dei beste vinterkleda for å få ei oppleving av ekte norsk vinter.
Bildetekst: T-trekket i full drift Foto: Kristian Almås
|
|
|
Gode forhold for alpinsport og skiturar
Kristian Almås
- 08.01.2010
No på fredagskvelden ser det ut for å bli ei fin helg med kaldt og roleg vinterver i Stordal. SuperG-løypa i Overøye er trakka opp og ferdig til bruk. T-trekket vil vere i bruk heile helga.
Stordal Fjellservice melder at turløypa over Seljebotsmyrane er oppkøyrd og i fin stand. På laurdag vil dei også prøve å køyre opp løype mot Storvatnet.
Bildetekst: Arena Overøye januar 2010 Foto: Kristian Almås
|
|
|
Aktivitetsdag laurdag 9. januar - UTSATT!!
John Kristian Hjelle
- 07.01.2010
PGA KULDEN ER AKTIVITETSDAGEN UTSATT TIL MARS/APRIL. Vi kjem tilbake med nærare informasjon om tidspunkt seinare.
Arena Overøye vil arrangere skidag i Stordal laurdag 9. januar, kl. 1130-1630. Det vil bli moglegheit for å prøve og lære om mange ulike vintersports-hjelpemidlar, alt frå sittande alpinski (eigenkjørt eller ledsagarkjørt), ake- og langrennsutstyr.
|
|
|
No er snøen komen
Kristian Almås
- 04.01.2010
Dei siste dagane har det kome mykje snø i Overøye. Vi reknar med at snødjupna er bortimot ein meter, og dette er snø av beste merke. Trakkemannskapa går no i gang med å trakke trekktrasear og nedfarter slik at dette kan vere ferdig til helga. Stordal Fjellservice har køyrt løypeleggingsmaskin i det vidstrekte langsæterområdet, men dei har så langt ikkje kunna køyre innover fjellet mot Innfjorden, Tresfjorden eller på Seljebotsmyrane. Det er meldt oppklarning utover i veka, og då kan forholda bli førsteklasses både for alpinistar, laussnøkøyrarar og turfolk.
Det snøar på Pusken Foto: Kristian Almås
|
|
|
Mange ventar på meir snø
Kristian Almås
- 19.12.2009
Snødjupna i Overøye er i dag 20 cm. Dette er nok for lite til at skitrekka kan opnast denne helga. Dei ivrigaste skientusiastane har likevel funne fram skiene, og ved skisenteret var det i dag fleire som hadde turski på føtene. Endå om det er lite snø enno, let det seg altså gjere å gå på turski der terrenget ikkje er altfor vanskeleg. Over alt er det frosen mark, og den snøen som nyleg kom, gir silkeføre. Kva med ein liten prøvetur med turski på Seljebotsmyrane?
Bildet er tatt ved inngangen til naturreservatet på Seljebotsmyrane i dag 19. des. 2009.
|
|
|
Ny sesong for alpinsport nærmar seg
Kristian Almås
- 13.12.2009
På grunn av lite snø har vi ikkje kunna opne skianlegget enno denne hausten. Det er kvitt på marka i Overøye no, men det ser ikkje ut for at trekka kan køyrast første dagane. Forholda kan likevel endre seg fort framover. Vi har fått litt nysnø på frosen mark, og nye snøfall kan føre til at trekka blir opna på kort varsel. Det kan vere lurt å følgje med på nettsida, der det vil bli lagt ut nærare informasjon om opning.
Bildet: Frå ein av dei mange skuleskidagane ved Arena Overøye sesongen 2008/09
|
|
|
Sesongslutt 2009
Kristian Almås
- 14.04.2009
Vi har no bestemt å stenge Arena Overøye for sesongen. Dette har vore ein god sesong med gjennomgåande godt besøk heile tida. Avslutningshelga vart altså i år påskehelga. Veret i påskeferien vart heile tida betre enn det ein kunne vente etter vermeldingane. Som vi tidlegare har meldt, reknar vi med at det påskeaftan vart sett dagsrekord for besøk ved Arena Overøye og turområdet denne sesongen. Påska er som regel nokså avgjerande for det endelege driftsresultatet. Denne avslutninga etter ein elles god sesong gjer at vi seier oss godt fornøgd med resultatet. Vi takkar alle brukarane for ein flott sesong. Vi takkar også alle som har hjelpt til med dugnadsinnsats for Arena Overøye 2008/09.
Velkomne tilbake til hausten!
Bilde: Arena Overøye Varmestove og påstiging for T-trekket og Poma-trekket
|
|
|
|
|
|