Parkering
Kristian Almås
- 06.04.2009
Det er venta stor utfart no i påska. Ved Arena Overøye er det ein stor parkeringsplass. Dersom denne plassen blir godt utnytta, kan bortimot 500 bilar parkerast der. I påska i fjor vart endåtil denne store plassen i minste laget eit par dagar.
På strekninga frå Seljehaug til skiltet med fartsgrense 30 km/t er vegen så brei at ein kan parkere på eine sida av vegen. Dersom det blir parkert på begge sider av vegen, skaper det alvorlege hindringar for trafikken på vegen. I verste fall kan dette føre til at utrykkingsbilar (politibil/sjukebil/brannbil) blir hindra i å kome fram.
Gode råd til dei som besøker oss på store utfartsdagar, blir då:
1. Hjelp til slik at den store parkeringsplassen blir utnytta på beste måte.
2. Parker berre på eine sida av fylkesvegen.