Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Det skjer i Arena Overøye

Velkommen til Arena Overøye

Arena Overøye blir no stengd for sesongen.

Ver og føre:

Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.

Generelle opningstider:

Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30

Vermelding frå yr.no

Skiinfo

Sunnmørsposten Lokalguiden


Stor aktivitet i alpinbakkane
Kristian Almås  - 23.03.2009

Det er høgsesong for skuleskidagar, og både ver- og føreforhold ser ut for å bli svært gode i veka framover.

Tirsdag 24. mars får Arena Overøye besøk av Stordal skule, Gjermundnes vidaregåande skule og Liabygda skule.

Onsdag 25. mars kjem ei elevgruppe frå Ålesund videregående skole, det kjem ei gruppe elevar frå Ørskog vidaregåande skule, elevar frå Eidsdal skule og elevar frå Vatne ungdomsskule.

Torsdag 26. mars kjem ei ny gruppe frå Ørskog vidaregåande skule. Det kjem elevar frå Molvær skule og frå Borgund videregående skole.


Skidagar
Kristian Almås  - 17.03.2009

Det er for tida stor pågang frå skular som ønskjer å avvikle skuleskidag i Overøye. Forholda for dette ligg no godt til rette i og med at vi har fått rundt 30 cm nysnø, og meir er i vente.

I morgon 18. mars vil Ålesund videregående skole bruke anlegget. Som tidlegare annonsert, avviklar Spjelkavik videregående skole sin årlege skiekskursjon torsdag 19. mars, og fredag 20. mars kjem Kolvikbakken skole og også elevar frå Skodje. I tillegg til dette har fleire skular sagt seg interessert i å kome dagane 24., 25., og 26. mars. I næraste framtid vil altså anlegget vere ope utanom dei vanlege opningstidene, og i slike høve er det også ope for alle. Sjå gjerne på nettsida vår kvelden før, der vi vil stadfeste eller avlyse for dei einskilde dagane.


Skiekskursjon
Kristian Almås  - 10.03.2009

Frå og med tysdag 17. mars til og med torsdag 19. mars 2009 vil Spjelkavik videregående skole avvikle den årlege skiekskursjonen i Stordalshallen og Arena Overøye. Heilt sidan Stordalshallen stod ferdig for 12 år sidan, har elevar frå denne skulen vitja oss. Stordalshallen er base for opphaldet, der det er full aktivitet på ettermiddags- og kveldstid. På dagtid er det ski- og friluftslivsaktivitetar som står i fokus. Siste dagen vert som vanleg sett av til å besøkje Arena Overøye. Når Arena Overøye held ope utanom dei vanlege opningstidene på grunn av avvikling av skuleskidagar og andre arrangement, vil anlegget også vere ope for andre. Denne gongen gjeld det altså 19. mars.


Ny nettside for Arena Overøye
Kristian Ålmås  - 15.02.2009

Her er den nye nettsida for Arena Overøye. Vi ønskjer å gi god og nyttig informasjon til alle dei som besøker skisenteret og det store turområdet i Stordalsfjella. Øvst på denne sida er eit avsnitt der vi vil legge inn aktuell informasjon om ver- og føreforhold, opningstider og andre viktige opplysningar i kortform. Vidare utover vil vi prøve å følgje opp med små artiklar om smått og stort av verdi for dei som søkjer fart og spenning i alpinbakkane eller hygge og naturopplevingar i turløypene.

Velkommen til Arena Overøye og Stordalsfjella!


Informasjon til kundane våre
Kristian Ålmås  - 15.02.2009

I år er det 30 år sidan det første skitrekket kom på plass i Overøye. Dette Poma-trekket er framleis i drift, men under det store utbygginga i 2005/06 kom det nye T-trekket samtidig som heile anlegget fekk standardheving på mange andre måtar. 18. februar 2006 var det opningsfest for det nye anlegget, slik at det no er tre år sidan i desse dagar.


                        Admin                                                                                                 Arena Overøye (C) 2009
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
J. Valde
Hevad AS