Velkommen til Arena Overøye
Ver og føre:
Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.
I dag 6. februar 2012 kl 08.20: Skya, opphaldsver, vindstilt, 1 grad.
Det har kome 2 cm snø siste døgn.
På garden Overøye er snødjupna no 120 cm. Det er svært gode forhold i alpinbakkane.
Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30 Kveldskøyring tirsdag og fredag frå kl 18.00 til kl 21.00
Vermelding frå yr.no
Skiinfo
Sunnmørsposten Lokalguiden
Stordal Fjellservice Løypeleggingsmaskinen
|
|
|
Snøfall
Kristian Almås
- 17.12.2011
Det har kome nysnø i Stordal no i ettermiddag. Så langt har det falle 7 cm, men det kan kome meir utover natta. Den snøen som kom i Overøye til opninga sist helg, har no sett seg og frose til, slik at dette gir eit godt underlag i slalåmbakkane og også utanfor dei opptrakka løypene. I snørapporten i morgon tidleg vil det gå fram kor mykje laussnø det då er på dette underlaget.
Bildetekst: Lett nysnø Foto: Kristian Almås
|
|
|
Nye trakkemaskinar ved Arena Overøye
Kristian Almås
- 06.12.2011
To nye trakkemaskinar står klar til bruk for sesongen ved alpinsenteret. I dag vart belte og skjer monterte på den maskinen som bildet viser. Dette er ein heilt ny maskin med påmontert vinsj. Vinsja har ei trekkraft på 4,5 tonn og 1100 m wire. Den andre maskinen kom no i ettermiddag, og den er av same sort men utan vinsj. Desse maskinane kan gå rett i alpinbakkane, og trakkinga kan starte.
Bildetekst: Ein montør frå leverandøren er i ferd med å montere belte og skjer på den eine av maskinane.
Foto: Kristian Almås
|
|
|
Sesongopning 2011
Kristian Almås
- 04.12.2011
Det snøar i Øvre Stordal i dag. Vermeldingane går ut på at vi også kan få meir natursnø dei første dagane. Slik det ser ut no, kan den første dagen med opne skitrekk bli laurdag 17. desember. På nettsida kjem vi tilbake til dette etter kvart, så følg med og hald skiutstyret i orden!
Bildetekst: Det snøar ved servicebygget i Overøye Foto: Kristian Almås
|
|
|
Sal av skikort
- 01.12.2011
Vi sel skikort også denne helga!
Billettar/kort kan kjøpast i billettbua på Overøye:
- laurdag 3. desember 14.00 - 16.00
- søndag 4. desember 11.00 - 13.00
Prisar for sesongen er lagt inn, sjå under prisar i menyen over.
|
|
|
Sal av skikort
- 11.11.2011
Også denne helga held vi ope for billettsal. Unngå kø når sesongen først kjem i gong!
Billettar/kort kan kjøpast i billettbua på Overøye:
- laurdag 12. november 13.00 - 15.00
- søndag 13. november 13.00 - 15.00
Prisar for sesongen er lagt inn, sjå under prisar i menyen over.
|
|
|
Sal av skikort
- 02.11.2011
Det nærmar seg styggfort ein ny sesong i løypene på Overøye.
For dei som vil sikre seg å unngå å måtte stå i kø når snøen først har lagt seg og vi er i full aktivitet, vert det høve til å kjøpe seg kort i billettbua på Overøye førstkomande laurdag 5. november klokka 11.00 - 15.00.
Prisar for sesongen er lagt inn, sjå under prisar i menyen over.
|
|
|
Påskeveret 2011
Kristian Almås
- 22.04.2011
No er påska her, og det er også påskeveret. I dag er det sol frå klar himmel i Stordal. Ved Arena Overøye er det godt med snø og nypreparerte trasear. Bildet frå webkameraet viser at Bratthenget er godt snødekt, og vidare oppover i traseane er det naturlegvis endå betre. Det er altså ingen grunn til å klage på ver- og snøforhold. I høgfjellet ligg snøen enno djup og fast. Ein topptur til Stolen eller Auskjeret kan bli ei minnerik skioppleving og ei god avslutning på skisesongen.
I dag er det sol og snø nok til alle ved Arena Overøye. Velkommen hit!
Bilde: Arena Overøye i morgontimane i dag, langfredag 2011. Foto: Kristian Almås
|
|
|
Snøforholda i Stordalsfjella påska 2011
Kristian Almås
- 14.04.2011
Mildveret har tært på snøen i det siste, men likevel ser det ut for å bli nok snø i påska. Ved toppen av T- trekket er snødjupna rundt 150 cm. Det er altså nok snø og gode forhold både i trekktrasear og i nedfartene.
Ute i turløypene kan det kanskje nokre stader vere ope vatn, men Stordal Fjellservice vil sørgje for preparering og køyre der det er forsvarleg i det bortimot 30 km lange løypenettet. God informasjon om dette er å finne på nettet.
Vi er no inne i den finaste tida for toppturar. Kva med ein topptur til f. eks. Storådalstinden 1430 m.o.h? Toppturen til Auskjeret kan du starte ved endestasjonen av T-trekket 800 m.o.h., og dette er då ein lett måte å kome høgt til fjells på.
Velkommen til Arena Overøye i påskeferien!
Bilde: Frå toppen av Auskjeret 1340 m.o.h. Lauparen litt til venstre for midten av bildet, og utsikt mot Molde til høgre for midten av bildet. Foto: Kristian Almås
|
|
|
|
|
|