Arena Overøye

Webkamera
Webkamera Arena Overøye
Alpepass

Det skjer i Arena Overøye

Velkommen til Arena Overøye

Arena Overøye blir no stengd for sesongen.

Ver og føre:

Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.

Generelle opningstider:

Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30

Vermelding frå yr.no

Skiinfo

Sunnmørsposten Lokalguiden


Skuleskidag onsdag 24. mars
Kristian Almås  - 22.03.2010

Skuleskidagen 17. mars vart utsett på grunn av mykje snø og rasfare. For Stordal skule og Liabygda skule er ny dato sett til førstkomande onsdag. Snøforholda har no betra seg mykje, og verutsiktene er heller ikkje dårlege.

Bildetekst: Ved toppen av T-trekket
Foto: Kristian Almås


Store snømengder
Kristian Almås  - 16.03.2010

Snødjupna i Overøye er i dag 190 cm. Eit raskt tilbakeblikk på tidlegare registreringar av snødjupner i Øvre Stordal viser at vi for berre to år sidan, den 19. mars, hadde ei snødjupne på 210 cm. Går vi tilbake til år 2000, målte vi 250 cm både 16. mars og 24. mars. Det viser seg ofte at dei store snømengdene kjem i mars månad.
Trakkemannskapa i Overøye arbeider for fullt, og dei greier i alle fall å trakke store deler av traseane, slik at det skal la seg gjere å avvikle skuleskidag i morgon for den skuld. Alle som ferdast i området no, bør halde seg i eller i nærleiken av opptrakka løyper.

Bildetekst: Trakkemaskinane baskar i store snømengder: Bildet er tatt i Bratthenget måndag 15. mars om kvelden.
Foto: Magnus Selboskar


Skuleskidag onsdag 17. mars
Kristian Almås  - 14.03.2010

Det er tre skular frå ulike kommunar som har meldt frå om at dei ønskjer å kome til Arena Overøye onsdag i veke11. Stordal skule med bortimot 100 elevar vil avvikle sin skidag i anlegget då. Dei skal ha ein turdag seinare i vår. Frå Liabygda kjem det om lag 30 elevar, og frå Volsdalen skole kjem det rundt 300 elevar. Desse to skulane vil kanskje dele seg i grupper slik at nokre går på tur, medan andre blir i alpinanlegget. Elles vil Arena Overøye som vanleg ved slike høve vere open for andre interesserte.

Bildetekst: Oppover i T-trekket
Foto: Kristian Almås


Skiekskursjonen ved Arena Overøye
Kristian Almås  - 12.03.2010

Trass i heller dårleg ver vart skiekskursjonen i går gjennomført på ein god måte. Les reportasjen som Hallgeir Hove har skrive om dette på heimesida til Stordal kommune.

Stordal kommune

Bildetekst: Skileik ved Kirkebø stadion
Foto: Hallgeir Hove


Skuleskidag torsdag 11. mars
Kristian Almås  - 05.03.2010

Torsdag 11. mars kjem det elevar frå to skular i Ålesund kommune. Det er Spjelkavik videregående skole og Ellingsøy barne- og ungdomsskole. Den årlege skiekskursjonen som Spjelkavik ungdomsskole arrangerer i samarbeid med lokale krefter i Stordal, vil gå av stabelen tirsdag, onsdag og med avslutning i Overøye torsdag. Arrangementet har rundt 20 år lang tradisjon med stort opplegg for elevane i Stordalshallen og andre stader. Som vanleg er det også mange deltakarar frå utanlandske skular. I år kjem det mange frå Nederland og Irland, men også frå andre land. Vi reknar med at det totalt vil vere rundt 500 elevar i alpinanlegget og området rundt denne dagen. Elles vil Arena Overøye vere open for andre interesserte i tida frå kl 10.00 til kl 14.00. Gjett om det blir folksamt! Du kan lese meir om skiekskursjonen på nettsida til Stordal kommune.

Stordal kommune

Bildetekst: Klatreveggen i Stordalshallen
Foto: Hallgeir Hove


Høgsesong for skuleskidagar
Kristian Almås  - 05.03.2010

I veke 10 vil mange hundre elevar frå skular i Ålesundområdet besøke Arena Overøye. Onsdag 10. mars kjem Ålesund videregående skole. Dei vil nytte skianlegget og dei tilboda som finst der. Trekka er også opne for andre frå kl 10.00 til kl 14.00.

Bildetekst: Ved varmestova i Overøye
Foto: Kristian Almås


Skuleskidag torsdag 4. mars
Kristian Almås  - 02.03.2010

I dag hadde Kolvikbakken ungdomsskole skidag i Overøye, og ca 400 elevar var med. Torsdag 4. mars kjem Lerstad skole og skal avvikle sin skuleskidag. Då vil skianlegget også vere ope for andre i tida frå kl 10.00 til kl 14.00.

Bildetekst: Beltetrekket i Overøye
Foto: Kristian Almås


Sol over Arena Overøye og Stordalsfjella
Kristian Almås  - 28.02.2010

I dag blir det solskin frå klar himmel. No ved overgangen til mars månad står sola høgt på himmelen midt på dagen. Lys og soloppvarming gir trivsel. Slalåmbakkane lokkar med fart og spenning. Turområdet med om lag 30 km oppkøyrde løyper ligg der og kan nyttast av dei som likar turski best. Ikkje nok med det - snøforholda er no slik at ein somme stader kan gå på ski også utanom turløypene. Dette kan gi eventyrlege naturopplevingar. Frå Overøye kunne ein i går for eksempel sjå skispor mot toppen av Stolen.

I går var det rundt rekna 300 bilar på parkeringsplassen. Ved god plassutnytting er der plass til minst 100 bilar til. Avstanden frå Moa i Ålesund til Overøye er 62 km og med dei gode køyreforholda som er no, tar denne køyreturen om lag 62 min.

Bildetekst: Kleivavatnet med Stolen i bakgrunn. Bildet vart tatt i går 27. februar
Foto: Kristian Almås


                        Admin                                                                                                 Arena Overøye (C) 2009
 SAMARBEIDSPARTNARAR 

Westregruppen
Pedro Eiendom
Aalesund Bygg
Busengdal Transport
Sparebanken Moere
Blaatind
YIT
Stordalshallen
J. Valde
Hevad AS