Meir snø
Kristian Almås
- 31.12.2011
Natt til fredag 30. desember kom
det mykje snø, og fram på
dagen kom det endå meir.
Billetteringssystemet ved Arena
Overøye registrerte 410
personar som brukte trekka den
dagen. Dette var kanskje beste
driftsdagen så langt denne
sesongen. Berre på få
dagar har no forholda i traseane
endra seg mykje til det betre, og
det var altså mange som kunne
glede seg over det. Seinare på
dagen kom det nytt snøver, men
det var likevel mange som heldt ut,
sjølv om sikten vart heller
dårleg på slutten.
Bildetekst: Moderat sikt
Foto Kristian Almås