Dette er første vinteren vegen frå Overøye til Puskebrua blir brøytt. Det siste stykket av vegen før brua er utvida i breidda slik at denne utvidinga tener som parkeringsplass. Ved god utnytting av denne plassen vil behovet for parkering vere dekt i vanlege utfartshelger. Det står att å sjå om dette er nok i påska og andre store utfartshelger.
Bilde: Parkeringsplassen ved Puskebrua
Foto: Kristian Almås
Puskebrua vil i mange høve bli eit nytt utgangspunkt for dei som ønskjer å gå på lange turar som rundt Kamben eller til Kleiva. For å kunne dekke driftskostnader med alt dette, blir det innkrevjing av parkeringsavgift på staden.
Parkeringsavgifta for 2011 vert slik:
Dagsparkering: kr 30,-
Sesongkort: kr 400,-
-- Printa ut frå ARENA OVERØYE
si heimeside, under www.stordalsportalen.no
--