Fantastisk helg for skientusiastar

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 09.01.2011

Med temperatur rundt 0 grader, lettskya pent ver og tørr og lett nysnø kan ein knapt tenke seg betre forhold for skiaktivitet i Øvre Stordal. Leiinga for skisenteret er godt fornøgd med besøkstal og driftsinntekter så langt. Laurdag viste billettsystemet rundt 500 einskildpersonar og søndag bortimot 500.
Søndag var første dag med trening for den nye sitski-gruppa. Dei uttaler seg også svært positivt om forholda denne helga. Det var fem deltakarar som var med på treninga søndag, men dei ventar at fleire vil kome til etter kvart som dette blir meir kjent.
Ute i skiløypene var det berre lovord å høyre om godt preparerte løyper i turområdet.

Bilde: Albert E. Gjørtz og Fredrik Solvik med sitski.

Foto. Kristian Almås


-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as