Med utgangspunkt på parkeringsplassen i Overøye
kan du no finne eit løypenett med rundt rekna 30 km
oppkøyrde turløyper. Brukarane set stor pris
på dette, og det manglar ikkje på lovord om dei
godt preparerte langrennsspora.
NB. Det er gratis parkering på
parkeringsplassen måndag, tirsdag, onsdag, torsdag og
fredag i vinterferieveka.
Bildetekst: Magne Staurset i løypemaskinen ved
Fokhaugstova
Foto: Kristian Almås
Det blir lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å halde løypenettet i god stand, men det er lett å forstå at den omfattande køyringa med løypemaskin fører med seg driftskostnader. Ved informasjonskiosken ved parkeringsplassen kan du no finne ei kasse med giroblankettar. Ved hjelp av ein slik giroblankett kan du støtte Stordal Fjellservice i deira arbeid med løypekøyringa. Du kan også gi di støtte beint fram med å bruke bankkontonummeret til Stordal Fjellservice. Det er: 3910.16.41515
-- Printa ut frå ARENA OVERØYE
si heimeside, under www.stordalsportalen.no
--