Natt til fredag 30. desember kom det mykje snø, og fram på dagen kom det endå meir. Billetteringssystemet ved Arena Overøye registrerte 410 personar som brukte trekka den dagen. Dette var kanskje beste driftsdagen så langt denne sesongen. Berre på få dagar har no forholda i traseane endra seg mykje til det betre, og det var altså mange som kunne glede seg over det. Seinare på dagen kom det nytt snøver, men det var likevel mange som heldt ut, sjølv om sikten vart heller dårleg på slutten.
Bildetekst: Moderat sikt
Foto Kristian Almås
-- Printa ut frå ARENA OVERØYE
si heimeside, under www.stordalsportalen.no
--