Ny helg med gode forhold ved Arena Overøye

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 01.04.2011

Alpinløypene er godt preparerte, og det er rikeleg med snø både i og utanfor løypene. Alle trekka er i drift, og i varmestova vert det servert mat og drikke. Når vi i dag skriv 1. april, seier det seg sjølv at det er ikkje så svært mange helgar att av denne alpinsesongen, men den føreståande helga ser lovande ut, så ta gjerne turen til Arena Overøye.
Stordal Fjellservice sørgjer for fint preparerte turløyper.

Bildetekst:
Ved den gamle Storvasshytta er det bygt opp eit heilt, lite hyttetun. Frå venstre ser vi den nye Storvasshytta med mellom anna nye sengeplassar, så ser vi det gamle og det nye uthuset. I det nye uthuset er det mellom anna bygt ein heilt ny utedo. Til høgre ser vi den gamle Storvasshytta, som er ei noko utvida hytte etter den aller eldste.
Foto: Kristian Almås

Stordal Fjellservice har no trakka med maskina rundt den gamle hytta slik at dette er ein framifrå fin rasteplass der turgåarane kan få ein velfortent rast etter kanskje å ha gått 5,8 km frå parkeringsplassen ved Puskebrua. Men Stordal Fjellservice har køyrt lenger innover Innfjordfjellet til hytta ”For Fattig og Rik”. Som namnet tyder på, er dette også ei hytte som er open for alle, og det stemmer.

Les elles om det store arbeidet som hyttelaget har lagt ned med vedlikehald og nybygg.

Storvasshytta hyttelag


-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as