Vi har no bestemt å stenge Arena Overøye for
sesongen. Dette har vore ein god sesong med
gjennomgåande godt besøk heile tida.
Avslutningshelga vart altså i år
påskehelga. Veret i påskeferien vart heile tida
betre enn det ein kunne vente etter vermeldingane. Som vi
tidlegare har meldt, reknar vi med at det påskeaftan
vart sett dagsrekord for besøk ved Arena
Overøye og turområdet denne sesongen.
Påska er som regel nokså avgjerande for det
endelege driftsresultatet. Denne avslutninga etter ein elles
god sesong gjer at vi seier oss godt fornøgd med
resultatet.
Vi takkar alle brukarane for ein flott sesong. Vi takkar
også alle som har hjelpt til med dugnadsinnsats for
Arena Overøye 2008/09.
Bilde: Arena Overøye Varmestove og påstiging for T-trekket og Poma-trekket
-- Printa ut frå ARENA OVERØYE
si heimeside, under www.stordalsportalen.no
--