Frå og med tysdag 17. mars til og med torsdag 19. mars 2009 vil Spjelkavik videregående skole avvikle den årlege skiekskursjonen i Stordalshallen og Arena Overøye. Heilt sidan Stordalshallen stod ferdig for 12 år sidan, har elevar frå denne skulen vitja oss. Stordalshallen er base for opphaldet, der det er full aktivitet på ettermiddags- og kveldstid. På dagtid er det ski- og friluftslivsaktivitetar som står i fokus. Siste dagen vert som vanleg sett av til å besøkje Arena Overøye. Når Arena Overøye held ope utanom dei vanlege opningstidene på grunn av avvikling av skuleskidagar og andre arrangement, vil anlegget også vere ope for andre. Denne gongen gjeld det altså 19. mars.
Skrive av Hallgeir Hove 10. mars 2009
I neste veke, nærare bestemt frå tysdag til og med torsdag, er det på ny klart for Spjelkavik videregående skole sin årlege ski-ekskursjon til Stordalshallen.
Etter kvart har det også kome utanlandske elevar med på disse opplegga, som eit ledd i skulen si satsing på internasjonalisering. Frå starten av var det elevar med fordjupning i idrett som var med på disse ekskursjonane, men dei seinare åra er det også grupper, som har fokus også på andre område. Dette har også bunna i at elevane jobbar med konkrete prosjekt i løpet av opphaldet her. "Environment" og "Home and abroad" er døme på dette.
Ein konsekvens av dette er det også at det vert lagt opp til andre aktivitetar enn dei reint "sportslege" i løpet av disse dagane. I fjor hadde gruppa som jobba med prosjektet "Home and abroad" eit særs nyttig besøk hjå Placement (som har sitt hovudkontor, nettopp her i Stordal). Tidlegare har også Rosekyrkja vore vitja. På programmet i år står m.a. eit nytt besøk hjå Placement. Vidare vil det bli omvisning hjå Stordal Møbler AS, og Harald Jøsvoll vil syne fram stampa ved Stavåna.
Deltakinga på disse ekskursjonane har også auka, ettekvart som inhaldet er blitt utvida, og også i år vil det vere med godt over 100 elevar. Takka vere ein stor innsats frå instruktørane til klatreklubben, trampolinegruppa og Stordal skyttarlag, maktar ein likevel å gje alle disse eit godt tilbod, både i klatreveggen på konkurransetrampolina og på skytebana. Instruksjonsopplegga vert køyrd både tysdagskvelden og onsdagskvelden. I tillegg til dette vert det ei rad andre aktivitetar i Stordalshallen i løpet av opphaldet. Eigen team-track på 15 x 3 meter er veldig populær, og sjølvsagt vert det plass til ulike turneringar og konkurransar.
Spjelkavik videregående skole har utvekslingsopplegg med ei rad skular i mange land. Dette gjer at det etterkvart er blitt mange ulike nasjonalitetar representerte i Stordalshallen. Men den skulen som ein har samarbeidd lengst med, ligg i Amersfoort i Nederland. Det har etterkvart blitt sterke bånd også mellom oss her i Stordal og lærarane frå Nederland, og det er alltid like kjekt å ta imot både dei og alle dei andre gjestane. Eit anna artig poeng er at det nettopp var til Amersfoort, delegasjonen frå vår kommune (med ordføraren i spissen) reiste, tidlegare i år. Slik sett vert bånda mellom Stordal og Amersfoort (og Nederland i vid forstand) berre sterkare og sterkare.
Opplegga til Spjelkavik videregående skole er berre heilt suverene, og konseptet med å nytte Stordalshallen som base for ein ekskursjon rik på opplevingar både utandørs og innandørs, er det vanskeleg å få særleg betre. Ekskursjonane har også hatt stor medieinteresse. NRK har laga reportasjar og sjølvsagt får opplegga fyldig dekning i lokalavisene.
Vi vil ynskje alle våre gjestar velkomne til Stordalshallen og Stordal kommune og ser fram til å gjere det vi kan for at opphaldet skal bli så bra og innhaldsrikt som mulig.
Stadig fleire av gjestane våre kjem langvegs frå. Legg merke til at det likevel ikkje er noko problem å finne fram. Sjå lenke under ”Kvar ligg vi”.
Bilde: Deltakarar på skiekskursjonen 2008 Foto: Andreas Bjørnerem
-- Printa ut frå ARENA OVERØYE
si heimeside, under www.stordalsportalen.no
--