Mildveret har tært på snøen i det siste, men likevel ser det ut for å bli nok snø i påska. Ved toppen av T- trekket er snødjupna rundt 150 cm. Det er altså nok snø og gode forhold både i trekktrasear og i nedfartene.
Ute i turløypene kan det kanskje nokre stader vere ope vatn, men Stordal Fjellservice vil sørgje for preparering og køyre der det er forsvarleg i det bortimot 30 km lange løypenettet. God informasjon om dette er å finne på nettet.
Vi er no inne i den finaste tida for toppturar. Kva med ein topptur til f. eks. Storådalstinden 1430 m.o.h? Toppturen til Auskjeret kan du starte ved endestasjonen av T-trekket 800 m.o.h., og dette er då ein lett måte å kome høgt til fjells på.
Velkommen til Arena Overøye i påskeferien!
Bilde: Frå toppen av Auskjeret 1340 m.o.h. Lauparen
litt til venstre for midten av bildet, og utsikt mot Molde
til høgre for midten av bildet.
Foto: Kristian Almås
-- Printa ut frå ARENA OVERØYE
si heimeside, under www.stordalsportalen.no
--