Ny parkeringsplass ved Vognhusløken

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 15.01.2012

Der Vognhusløken kryssar vegen til Seljebotn vart det sist haust opparbeidd ein ny parkeringsplass. Her kan skituristar parkere og gå over Seljebotsmyrane og vidare til Langsætrane. På Langsætrane kan dei kome inn på alle dei andre løypene som Stordal Fjellservice køyrer opp på vinterstid.

Bildetekst: Parkeringsplassen ved Vognhusløken med Storhornet i bakgrunn
Foto: Kristian Almås

Ved god utnytting kan denne parkeringsplassen ta 10-15 bilar. Det ser ut for at fleire etter kvart oppdagar det fine skiterrenget der. Naturen er variert med litt furuskog og andre treslag, men ikkje slik at skogen stengjer for utsikt.
Turløypemannskapa gjer ein rosverdig jobb i turløypene. Både på Seljebotsmyrane og på andre sida av elva og elles har løypene den siste tida hatt høg standard. Så langt har ikkje strekningane gjennom Jolbotn, frå Trollkyrkjegarden til Litlevatnet og frå Storvasshytta til For Fattig og Rik vorte oppkøyrde, men det vil sikkert kome når snøforholda blir meir stabile og sola kjem høgare på himmelen.


-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as