Ingvill og Ingvild
Kristian Almås
- 15.02.2010
Siste helg var det fleire hundre
gjester både laurdag og
søndag ved alpinsenteret i
Overøye. For å halde alle
hjula i gang, må
funksjonærar vere på
plass både her og der. Ingvill
og Ingvild hadde søndag fullt
arbeid i billettbua. Alle trekka
var i drift. Beltetrekket eller
skibandet som det blir kalla, er
svært populært blant dei
yngste. Dette er eit gratis tilbod
for barn og andre som er i
opplæringsfasen før dei
tar fatt på dei store
skitrekka.
Bildetekst: Ingvill Flo og Ingvild
Mistereggen ved den
nyinnkjøpte
snøscooteren
Foto: Kristian Almås