Det skjer i Arena Overøye

Velkommen til Arena Overøye

Arena Overøye blir no stengd for sesongen.

Ver og føre:

Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.

Generelle opningstider:

Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30

Vermelding frå yr.no

Skiinfo

Sunnmørsposten Lokalguiden


Aktivitetsdag laurdag 20. februar
John Kristian Hjelle  - 05.02.2010

Arena Overøye vil arrangere skidag i Stordal laurdag 20. februar, kl. 1130-1630.
Det vil bli moglegheit for å prøve og lære om mange ulike vintersports-hjelpemidlar, alt frå sittande alpinski (eigenkjørt eller ledsagarkjørt), ake- og langrennsutstyr.


Den store ski, skred og snødagen!
John Kristian Hjelle  - 05.02.2010

Måndag 22. februar er det klart for den store ski, skred og snødagen for deg mellom 12 og 17 år.


"Kom deg ut" dagen 7. februar
Kristian Almås  - 04.02.2010

Den Norske Turistforening vil avvikle 80 turarrangement over heile landet komande helg, og eitt av desse blir ved Fokhaugstova i Stordal. Arrangementet startar kl 11.00 og varer til kl 15.00.

Ved Arena Overøye er det full køyr for tida. Sist helg var besøkstalet rundt 700 einskildpersonar både laurdag og søndag. Dagleg leiar Rune Støversten seier seg godt nøgd med drifta så langt. Trass i ein noko sein start på sesongen følgjer driftsinntektene budsjettoppsettet.

Den store parkeringsplassen i Overøye tar fleire hundre bilar. Førstkomande helg vil det vere parkeringsvakter på plass, og alle som vil nytte alpinanlegget eller som skal ut på tur, vil få parkeringsplass.
Store og små er velkomne!

Bildetekst: Endestasjonen for Poma-trekket. Området ved Fokhaugstova er synleg om lag midt på bildet.
Foto: Kristian Almås


Vinter i Stordal
Kristian Almås  - 28.01.2010

Etter regn og kramsnø har det siste natta kome 40 cm lett nysnø i Øvre Stordal. Ei ny helg nærmar seg, og dette ser ut for å bli den første snørike helga ved Arena Overøye denne sesongen. Trakkemannskapa vil sikkert vere på plass og sørgje for gode løyper både i alpinbakkane og i turområdet. Velkommen til nye skiopplevingar i Stordal.

Bildetekst: Skiløype ved Kambemyrane med Auskjeret og Stolen i bakgrunn
Foto: Kristian Almås


Redningsøving ved Arena Overøye
Kristian Almås  - 23.01.2010

Ei redningsøving vart i dag gjennomførd ved Arena Overøye. Eit helikopter med mannskap var der for å øve saman med Stordal Skipatrulje. Vi viser elles til det som er skrive om den nystarta skipatruljen her på nettsida 10. januar. Det som skjedde no i dag, var altså berre ei øving, men det er bra å vite at hjelpa er nær, om ulykka skulle vere ute.

Bildetekst: Redningshelikopter ved Øranakken.
Foto: Thomas Henden


Snøproduksjon ved Arena Overøye
Kristian Almås  - 23.01.2010

Som eit prøveprosjekt har Arena Overøye leigd inn ein del snøproduksjonsutstyr. Det er lagt ut omkring 600 m med slange frå Øravatnet. Der er det rikeleg med vatn å ta av. Naturleg nok tok det litt tid å få dette utstyret på plass og å få det til å fungere. No har snøproduksjonen vore i gang frå fire snøkanonar (lansar) i 4-5 døgn, og den produserte snøen vil bli lagd ut i Super G-løypa der det trengst.
Det er gode forhold i Overøye i dag, laurdag, og i morgon kan det bli endå betre både med omsyn til snø og ver.

Bildetekst: Snøproduksjon ved Arena Overøye
Foto: Magnus Selboskar


Stor utfartshelg ved Arena Overøye
Kristian Almås  - 17.01.2010

Billetteringssystemet ved Arena Overøye viser at rundt 900 personar har vore i skibakkane denne helga. Laurdag var besøkstalet ca 400, og i dag på søndag var talet over 500. Alle fire trekka har vore i full drift, og det har til dels vore kø ved påstigingsstasjonane. Dette fortel billetteringsvaktene no i ettermiddag. Det er altså mange som trenar i SuperG-traseen. I enkelte parti av traseen ville det vore ønskjeleg med litt meir snø, men alt har gått greitt denne helga også, og utan skadar av nemneverdig art.
I turløypene var det eit jamt sig av folk på turski. Mange familiar var ute med små barn som skulle lære å gå på ski. Andre gjekk ein etterlengta luftetur for seg sjølv - og kanskje for hunden. Temperaturen har vore omkring 0 grader denne helga.

Bildetekst: Sola stig frå dag til dag
Foto: Kristian Almås


Stordal Skipatrulje
John Kristian Hjelle  - 10.01.2010

Frå og med neste helg er eit nytt tilbod på plass i Arena Overøye.



-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as