Det skjer i Arena Overøye

Velkommen til Arena Overøye

Arena Overøye blir no stengd for sesongen.

Ver og føre:

Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før oppstart.

Generelle opningstider:

Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30

Vermelding frå yr.no

Skiinfo

Sunnmørsposten Lokalguiden


Skiturar i Stordalsfjella
Kristian Almås  - 13.04.2009

Arena Overøye har no stengt for sesongen, men turområdet ligg ope. Snøforholda i turløypene var i alle fall gode 2. påskedag. Her kan til dømes nemnast turen innover Jolbotnen mot Kleiva. Frå Kleiva ser du nedover mot Tresfjorden og Romsdalsfjorden. I dette terrenget kan du gå på ski også førstkomande helg. I høgfjellet vil snøen halde seg endå ei stund framover.

Bilde: Skiløype mot Kleiva med Skorkja i sol og skodde i bakgrunn


Stor utfart til Arena Overøye påskeaftan 2009
Kristian Almås  - 11.04.2009

Vi reknar med at tilstrøyminga av folk til Arena Overøye og turområdet har sett dagsrekord for denne sesongen i dag. Billettsystemet registrete 600 einskildpersonar i trekka. Parkeringsplassen vart oppfylt ved 12- tida, og etter det måtte mange parkere langs fylkesvegen.


Parkering
Kristian Almås  - 06.04.2009

Det er venta stor utfart no i påska. Ved Arena Overøye er det ein stor parkeringsplass. Dersom denne plassen blir godt utnytta, kan bortimot 500 bilar parkerast der. I påska i fjor vart endåtil denne store plassen i minste laget eit par dagar.

På strekninga frå Seljehaug til skiltet med fartsgrense 30 km/t er vegen så brei at ein kan parkere på eine sida av vegen. Dersom det blir parkert på begge sider av vegen, skaper det alvorlege hindringar for trafikken på vegen. I verste fall kan dette føre til at utrykkingsbilar (politibil/sjukebil/brannbil) blir hindra i å kome fram.

Gode råd til dei som besøker oss på store utfartsdagar, blir då:

1. Hjelp til slik at den store parkeringsplassen blir utnytta på beste måte.
2. Parker berre på eine sida av fylkesvegen.


Varetransport
Kristian Almås  - 06.04.2009

Stordal Fjellservice preparerer turløypene med løypeleggingsmaskin, men dei disponerer også snøscooter som kan brukast til varetransport. Dei kan altså ta på seg transportoppdrag. Nærare opplysning om dette finn du på nettsida deira. Ved informasjonskiosken i Overøye finst det ei kasse med giroblankettar. Gåver som kjem inn til Stordal Fjellservice på denne måten, går til drift av løypeleggingsmaskinen. Dei godt preparerte turløypene er til glede for mange.

Stordal Fjellservice

Bilde: Løypeleggingsmaskinen på Fokhaugen
Foto: Bjørnar Midtbust


Kveldskøyring laurdag!
 - 02.04.2009

NATTOPENT!

Laurdag kveld 4. april held vi ope for kveldskøyring frå 21.00 til 01.00.
Vi satsar på stor stemning i bakken!


Stor aktivitet i Overøye
Kristian Almås  - 01.04.2009

Ni bussar står oppstilte på parkeringsplassen i Overøye no i dag. Det var det som måtte til for å frakte elevar frå Kolvikbakken skole til skitrekka og alpinbakkane. Alle trekka går, og det er stor aktivitet. Mange driv med slalåmski og skibrett i dei brattaste bakkane, og andre bruker dagen til skileik eller til å renne på akebrett. I tillegg til dei omkring 250 skuleelevane har også andre tatt turen til skisentret og turområdet i det fine veret og under dei gode snøforholda som vi no har. Ingvild Mistereggen og Bjørg Jacobsen er på plass også i dag som to av dei som gjer funksjonærteneste.


Pudderføre
 - 28.03.2009

Nysnøen dalar ned over Overøye no laurdag kveld - det ligg an til eit nydeleg pudderføre i morgon!


Godveret held seg
Kristian Almås  - 26.03.2009

Også i dag vart det ein fin dag med sol og snø ved Arena Overøye. Elevar frå mange skular fekk ei verkeleg fin vinteroppleving no i slutten av mars når mange snakkar om vårteikn både her og der. Forholda for alpinsport i dei velpreparerte bakkane kan ein neppe tenkje seg betre.



-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as