Skidagar
Kristian Almås
- 17.03.2009
Det er for tida stor pågang
frå skular som ønskjer
å avvikle skuleskidag i
Overøye. Forholda for dette
ligg no godt til rette i og med at
vi har fått rundt 30 cm
nysnø, og meir er i vente.
I morgon 18. mars vil Ålesund
videregående skole bruke
anlegget. Som tidlegare annonsert,
avviklar Spjelkavik
videregående skole sin
årlege skiekskursjon torsdag
19. mars, og fredag 20. mars kjem
Kolvikbakken skole og også
elevar frå Skodje. I tillegg
til dette har fleire skular sagt
seg interessert i å kome
dagane 24., 25., og 26. mars. I
næraste framtid vil altså
anlegget vere ope utanom dei
vanlege opningstidene, og i slike
høve er det også ope for
alle. Sjå gjerne på
nettsida vår kvelden før,
der vi vil stadfeste eller avlyse
for dei einskilde dagane.