Velkommen til Arena Overøye
Ver og føre:
Blir oppdatert kvar dag minimum 1 time før
oppstart.
I dag 6. februar 2012 kl 08.20: Skya,
opphaldsver, vindstilt, 1 grad.
Det har kome 2 cm snø siste døgn.
På garden Overøye er snødjupna no
120 cm.
Det er svært gode forhold i alpinbakkane.
Generelle opningstider:
Laurdag og søndag: kl 10.30 - kl 16.30
Kveldskøyring tirsdag og fredag frå kl
18.00 til kl 21.00
Vermelding frå yr.no
Skiinfo
Sunnmørsposten
Lokalguiden
Stordal Fjellservice
Løypeleggingsmaskinen
|
|
|
Sal av skikort
- 01.12.2011
Vi sel skikort også denne
helga!
Billettar/kort kan
kjøpast i billettbua på
Overøye:
- laurdag 3. desember 14.00 -
16.00
- søndag 4. desember 11.00 -
13.00
Prisar for sesongen er lagt inn,
sjå under prisar i menyen
over.
|
|
|
Sal av skikort
- 11.11.2011
Også denne helga held vi ope
for billettsal. Unngå kø
når sesongen først kjem i
gong!
Billettar/kort kan
kjøpast i billettbua på
Overøye:
- laurdag 12. november 13.00 -
15.00
- søndag 13. november 13.00
- 15.00
Prisar for sesongen er lagt inn,
sjå under prisar i menyen
over.
|
|
|
Sal av skikort
- 02.11.2011
Det nærmar seg styggfort ein
ny sesong i løypene på
Overøye.
For dei som vil sikre seg å
unngå å måtte
stå i kø når
snøen først har lagt seg
og vi er i full aktivitet, vert det
høve til å kjøpe seg
kort i billettbua på
Overøye førstkomande
laurdag 5. november klokka 11.00 -
15.00.
Prisar for sesongen er lagt inn,
sjå under prisar i menyen
over.
|
|
|
Påskeveret 2011
Kristian Almås
- 22.04.2011
No er påska her, og det er
også påskeveret. I dag er
det sol frå klar himmel i
Stordal. Ved Arena Overøye er
det godt med snø og
nypreparerte trasear. Bildet
frå webkameraet viser at
Bratthenget er godt snødekt,
og vidare oppover i traseane er det
naturlegvis endå betre. Det er
altså ingen grunn til å
klage på ver- og
snøforhold. I høgfjellet
ligg snøen enno djup og fast.
Ein topptur til Stolen eller
Auskjeret kan bli ei minnerik
skioppleving og ei god avslutning
på skisesongen.
I dag er det sol og snø nok
til alle ved Arena Overøye.
Velkommen hit!
Bilde: Arena Overøye i
morgontimane i dag, langfredag
2011.
Foto: Kristian Almås
|
|
|
Snøforholda i Stordalsfjella
påska 2011
Kristian Almås
- 14.04.2011
Mildveret har tært på
snøen i det siste, men likevel
ser det ut for å bli nok
snø i påska. Ved toppen
av T- trekket er snødjupna
rundt 150 cm. Det er altså nok
snø og gode forhold både
i trekktrasear og i nedfartene.
Ute i turløypene kan det
kanskje nokre stader vere ope vatn,
men Stordal Fjellservice vil
sørgje for preparering og
køyre der det er forsvarleg i
det bortimot 30 km lange
løypenettet. God informasjon
om dette er å finne på
nettet.
Vi er no inne i den finaste tida
for toppturar. Kva med ein topptur
til f. eks. Storådalstinden
1430 m.o.h? Toppturen til Auskjeret
kan du starte ved endestasjonen av
T-trekket 800 m.o.h., og dette er
då ein lett måte å
kome høgt til fjells på.
Velkommen til Arena Overøye i
påskeferien!
Bilde: Frå toppen av Auskjeret
1340 m.o.h. Lauparen litt til
venstre for midten av bildet, og
utsikt mot Molde til høgre for
midten av bildet.
Foto: Kristian Almås
|
|
|
Varmestova ved Arena
Overøye
Kristian Almås
- 03.04.2011
I dag søndag 3. april var det
godt ver og gode snøforhold
ved alpinanlegget. Det vert lagt
ned ein stor dugnadsinnsats for
å kunne drifte Arena
Overøye. I varmestova vert det
selt mat og drikke, og i dag var
det Jill Mari Almås og Marita
Ekroll som hadde vakt. Eit utdrag
av prislista ser slik ut:
Meny 1 Pølse m/ brød og
brus/vann 45,-
Meny 2 Pølse m/stappe og
brus/vann 50,-
Meny 3 ¼ Pizza og brus/vann
45,-
Meny 4 Baguett m/ost, skinke og
brus/vann 50,-
Meny 5 Vaffel m/sylte/rømme og
kaffi 25,-
Bilde: Jill Mari Almås med
prislista
Foto: Kristian Almås
|
|
|
Ny helg med gode forhold ved Arena
Overøye
Kristian Almås
- 01.04.2011
Alpinløypene er godt
preparerte, og det er rikeleg med
snø både i og utanfor
løypene. Alle trekka er i
drift, og i varmestova vert det
servert mat og drikke. Når vi
i dag skriv 1. april, seier det seg
sjølv at det er ikkje så
svært mange helgar att av
denne alpinsesongen, men den
føreståande helga ser
lovande ut, så ta gjerne turen
til Arena Overøye.
Stordal Fjellservice sørgjer
for fint preparerte turløyper.
Bildetekst:
Ved den gamle Storvasshytta er det
bygt opp eit heilt, lite hyttetun.
Frå venstre ser vi den nye
Storvasshytta med mellom anna nye
sengeplassar, så ser vi det
gamle og det nye uthuset. I det nye
uthuset er det mellom anna bygt ein
heilt ny utedo. Til høgre ser
vi den gamle Storvasshytta, som er
ei noko utvida hytte etter den
aller eldste.
Foto: Kristian Almås
|
|
|
Store snømengder
Kristian Almås
- 29.03.2011
Øvre Stordal er kjend for
store snømengder. Dei siste 7
døgna har det no kome 123 cm
snø, og snødjupna
nærmar seg 2 m. Mange synest
dette er mykje, men det er langt
frå rekord. Ved å bla
litt i notata for tidlegare
snømålingar finn vi
mellom anna at det i år 2000
var rundt 2,5 m. Det er ofte i mars
månad at desse store
snømengdene kjem, og
særleg når vindretninga
står på nordvest. Den 16.
mars år 2000 vart det
målt 2,5 m, så minka det
litt, men den 24. mars var
snødjupna på nytt 2,5 m.
Bilde: Hytte med snø på
taket
Foto: Kristian Almås
|
|
|
|
|