1. Poma-trekket er den gamle slitaren ved skisenteret. Dette
trekket vart opna i mars 1980.
I 2010 har det altså vore i bruk i 30 år. Det er
950 meter langt og går i retning mot Auskjeret.
Påstiginga ligg 400 m.o.h., og endestasjonen ligg
på 760 m.o.h
2. Familietrekket vart opna 28. desember 2005. Det har påstiging ved oppstillingsplassen for campingvogner og er 360 meter langt.
3. T-trekket vart opna 18. februar 2006. Det er 1100 meter langt og går også i retning mot Auskjeret. Det har påstiging ved sida av Poma-trekket og endestasjonen ligg på 800 m.o.h.
4. Beltetrekket vart opna hausten 2007 og er om lag 70 meter langt. Det fungerer som eit transportband, og ein kan stå på bandet med skiene på. Bandet går seint, og det ser nokså ”ufarleg” ut også for dei minste og uøvde. Ved sida av trekket er det ein eigen bakke der dei kan få god begynnaropplæring på ski. Påstiginga ligg nær ved påstiginga for Familietrekket.