Kvar ligg vi

Presentasjon av Arena Overøye

Med sine 1000 innbyggarar er “møbel-kommunen” Stordal den minste i Møre og Romsdal. Riksveg 650 går gjennom Stordal, og denne vegen er ei viktig turistrute og eit naturleg vegval mellom kjende turiststader som Trollstigen, Geiranger, fugleøya Runde og jugendstilbyen Ålesund.

Arena Overøye ligg i Stordal kommune. Skianlegget kan by på utfordrande terreng både i preparerte bakkar og i dei etterkvart velkjende frikøyringsområda. Til dei minste kan anlegget tilby beltetrekk med ein flat og oversiktleg trase. Beltetrekket ligg nær ved varmestova, der det vert servert mat og drikke. Overøye er også eit flott utgangspunkt for turopplevingar for dei som liker å nytte turski. Lette familieutflukter til Langsæter-området og Fokhaugstova kan trygt anbefalast for heile familien. Området har preparerte løyper innover til Storvatnet og Litlevatnet, som er flotte vatn for isfiske.

Køyring frå Oslo til Stordal Alpinsenter

Køyring frå Ålesund Lufthavn til Stordal Alpinsenter


-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as