Billetteringssystemet ved Arena Overøye viser at rundt
900 personar har vore i skibakkane denne helga. Laurdag var
besøkstalet ca 400, og i dag på søndag
var talet over 500. Alle fire trekka har vore i full drift,
og det har til dels vore kø ved
påstigingsstasjonane. Dette fortel billetteringsvaktene
no i ettermiddag. Det er altså mange som trenar i
SuperG-traseen. I enkelte parti av traseen ville det vore
ønskjeleg med litt meir snø, men alt har
gått greitt denne helga også, og utan skadar av
nemneverdig art.
I turløypene var det eit jamt sig av folk på
turski. Mange familiar var ute med små barn som skulle
lære å gå på ski. Andre gjekk ein
etterlengta luftetur for seg sjølv - og kanskje for
hunden. Temperaturen har vore omkring 0 grader denne helga.
Bildetekst: Sola stig frå dag til dag
Foto: Kristian Almås
-- Printa ut frå ARENA OVERØYE
si heimeside, under www.stordalsportalen.no
--