Som eit prøveprosjekt har Arena Overøye leigd
inn ein del snøproduksjonsutstyr. Det er lagt ut
omkring 600 m med slange frå Øravatnet. Der er
det rikeleg med vatn å ta av. Naturleg nok tok det litt
tid å få dette utstyret på plass og å
få det til å fungere. No har
snøproduksjonen vore i gang frå fire
snøkanonar (lansar) i 4-5 døgn, og den
produserte snøen vil bli lagd ut i Super
G-løypa der det trengst.
Det er gode forhold i Overøye i dag, laurdag, og i
morgon kan det bli endå betre både med omsyn til
snø og ver.
Bildetekst: Snøproduksjon ved Arena
Overøye
Foto: Magnus Selboskar
-- Printa ut frå ARENA OVERØYE
si heimeside, under www.stordalsportalen.no
--