"Kom deg ut" dagen 7. februar

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 04.02.2010

Den Norske Turistforening vil avvikle 80 turarrangement over heile landet komande helg, og eitt av desse blir ved Fokhaugstova i Stordal. Arrangementet startar kl 11.00 og varer til kl 15.00.

Ved Arena Overøye er det full køyr for tida. Sist helg var besøkstalet rundt 700 einskildpersonar både laurdag og søndag. Dagleg leiar Rune Støversten seier seg godt nøgd med drifta så langt. Trass i ein noko sein start på sesongen følgjer driftsinntektene budsjettoppsettet.

Den store parkeringsplassen i Overøye tar fleire hundre bilar. Førstkomande helg vil det vere parkeringsvakter på plass, og alle som vil nytte alpinanlegget eller som skal ut på tur, vil få parkeringsplass.
Store og små er velkomne!

Bildetekst: Endestasjonen for Poma-trekket. Området ved Fokhaugstova er synleg om lag midt på bildet.
Foto: Kristian Almås


-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as