Årsmøte i SIL torsdag 12.04.2012
John Kristian Hjelle  - 31.03.2012

Årsmøte i SIL vert halde på Nilsgardstunet torsdag 12.04.2012 kl. 20.00.

Vanlege årsmøtesaker.
Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 8. april.
Enkel servering.

Vel møtt!


Leiarkurs for ungdom
John Kristian Hjelle  - 13.12.2011

Møre og Romsdal idrettskrets, i samarbeid med Sør-Trøndelag idrettskrets, inviterer til Leiarkurs for ungdom mellom 15 og 19 år.
Del 1 av kurset er frå fredag 27. januar kl. 17.00 til søndag 29. januar kl. 15.00, og søknadsfristen er 9. januar.


Stem på "Klubben i mitt hjerte!!
 - 14.11.2011

I perioden 12. - 25. november kan du stemme fram det idrettslaget som har størst plass i hjertet ditt!
Norges idrettsforbund, Nordea, P4 og Dagbladet står saman om kampanjen ”Klubben i mitt hjerte”.


Grasrotandelen
 - 08.11.2011

Vil du gi di støtte til STORDAL IDROTTSLAG?

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velge eit lag eller éi forening som du vil gje di støtte – som din Grasrotmottakar. Vi oppfordrar deg til å støtte oss i STORDAL IDROTTSLAG!

Velg Grasrotandelen i menyen til venstre for å sjå korleis du gjeng fram.


Årsmøte i SIL torsdag 14.04.2011
John Kristian Hjelle  - 24.03.2011

Årsmøte i SIL vert halde på Nilsgardstunet torsdag 14.04.2011 kl. 20.00.

Saker: Sjå under.


NRK med flott reportasje om STORDAL IDRETTSLAG
Magne Tøsse  - 18.03.2011

Her kan du lese om og høyre intervjuet med aktive frå skigruppene i Stordal IL som NRK sendte idag 17.3. Også skryt til Idrettslaget frå Org.leiar Harald Mowinckel i Møre og Romsdal skikrets. Vi kan trygt vere stolte av det som skigruppene i SIL får til! Klikk på linken her til NRK Møre og Romsdal


Stordal IL gratulerer Tommy med fantastisk innsats både i Kollen og Vikersund!
Magne Tøsse  - 10.02.2011

Tommy Lianes frå vårt eige vesle STORDAL IL - har dei siste dagane imponert heile Norge med si fantastiske skihopping. Først i Kollen med meget sterk 15.plass i senior-NM, og no i sjølvaste Vikersund - verdens tøffaste skiflygningsbakke. I skrivande stund har Tommy nådd 217 meter! Imponerande rett og slett!! Stordal IL er svært stolte over å ha ein slik idrettsutøvar i klubben og ikkje minst ein slik ambassadør for både Idrettslaget og Stordalsbygda vår. Her er dagens hopp på 217m ... Les meir under...


Følg med på kvar Fjellservice køyrer opp løyper!
John Kristian Hjelle  - 30.12.2010

Fjellservice fekk den nye løypemaskina si frå Antra AS 15. desember. Det er montert GPS på maskina og på "Skisporet.no " kan alle etterkvart sjå når og kvar maskina har køyrt.

Den nye og fine skiløypa frå Overøye til Puskebrua er no ferdigplanert og Fjellservice har lagt spor i dobbel breidde. Det er køyrt løyper på begge sider av elva frå Seljebotnbrua til Kvitlane, og frå Pusken til Lillevatnet/Storvatnet. Utanom planerte traseer er det enno noko ujamnt pga lite snø.

Ta deg ein skitur no etter all julematen og gjer deg nytte av dei fine løypene som Fjellservice køyrer opp!



-- Printa ut frå ARENA OVERØYE si heimeside, under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as